Tiltak og tenester for barn og unge i kommunen

Helsestasjons- og jordmortenesta

Helsestasjons- og jordmortenesta driv førebyggjande og helsefremjande arbeid i kommunen, særleg retta mot barn, unge og føresette. Tenesta er eit lågterskel tilbod, som vil seie at ein kan ta kontakt ved behov, enten via telefon eller kome innom. Hjå oss kan ein få råd og rettleiing kring barns vekst og utvikling. Vi samarbeider m.a med fastlege, fysioterapeut, barnehage, psykisk helseteneste, PPT og barnevern.

Vi har teieplikt, og ved samhandling må det føreliggje samtykke frå føresette.

Fitjar Helsestasjon held til i «Havnahuset». Adressa er: Gamle Havnavegen 23, 5419 Fitjar.

Opningstid:
Ope måndag – fredag kl. 08.30 – 15.00.

Kontaktinformasjon for helsestasjonstenesta:
Hovudnummer for timeavtale, spørsmål eller andre henvendingar:
48 04 87 30

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit tilbod til skuleelevar.

Tenesta gjennomfører helseundersøkingar og vaksinar, samt tilbyr samtalar og rettleiing ved ulike behov. Skulehelsetenesta bidrar også med undervisning/helseopplysning i klasse eller gruppe i høve ulike tema.

Skulehelsetenesta har fokus på førebyggjande og helsefremjande arbeid, inkludert å fremje eit godt lærings- og arbeidsmiljø for elevane. Det er eit lavterskel tilbod, der både elevar, føresette og tilsette i skulen kan ta kontakt ved behov.

Vi samarbeider med heim, skule og andre instansar som t.d. fastlege, fysioterapeut, psykisk helseteneste, PPT og barnevern i høve å identifisere og løyse helsemessige utfordringar knytt til elevane sin situasjon.

Teieplikt:
Helsesøster har teieplikt, og ved samhandling med andre må det føreliggje samtykke frå føresette og/eller eleven.

Kontaktinformasjon for skulehelsetenesta:

Rimbareid, Selevik og Øvrebygda:

Fitjar Vidaregåande skule:

Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom er ope for «drop in» onsdagar kl. 13-15 (jf. skuleruta).

Døme på emne som du kan ta opp:
Spørsmål om kroppen

  • Menstruasjonen
  • Forelsking og andre kjensler
  • Røyking, snus og anna rusrelatert
  • Graviditet
  • Seksualitet
  • Problem på skulen eller heime
  • Einsemd
  • Etevanskar
  • Psykiske vanskar
  • Vonde opplevingar, til dømes seksuelt overgrep, vald/sjukdom i familien

Helsestasjonen kan m.a. hjelpa deg med:

  • Samtale
  • Graviditetstest
  • Prevensjonsrettleiing og prevensjon
  • Gratis kondomar
  • Testing av kjønnssjukdomar
  • Tilvisingar til andre instansar i helsevesenet

Kontaktpersonar for Helsetasjon for ungdom er:

Psykisk helsearbeidar

Når ting blir vanskeleg, kan det verke som om heile verda er i mot deg og at du er den einaste som har det slik. Det kan være mange ting som er vanskeleg å handtere aleine, det er då viktig å vite at det er mange som vil hjelpe deg.

Du kan ta kontakt med oss dersom du:

  • føler at du trenger hjelp
  • har spørsmål
  • trur at noko er i vegen med deg
  • kjenner nokon som har det vanskeleg
  • kjenner deg einsam

…eller mogleg du berre vil prate.

Alle barn og unge har rettigheiter og skal motta hjelp, akkurat som vaksne.

Fitjar kommune har eit lågterskel tilbod om samtale med psykisk helsearbeidar, tilbodet er gratis for barn og ungdom.

Teieplikt
Psykisk helsearbeidar har teieplikt, og ved samhandling med andre må det føreliggje samtykke frå føresette og/eller eleven.

Ta kontakt med oss:

Vi held til på Fitjar Helsestasjon i «Havnahuset». Adressa er: Gamle Havnavegen 23, 5419 Fitjar.

Barn som pårørande

Mange barn opplever å være pårørende i løpet av sin oppvekst. Når noe skjer med foreldre eller søsken, påvirkes barnas hverdag. Det er ikke alltid like enkelt å vite om sitt eget barn er pårørende. Alle er vi ulike, og alle barn og familier er unike. Disse tre spørsmålene kan kanskje hjelpe deg til å finne ut av hva som gjelder for dine barn:

  1. Hvilken relasjon har barnet til den det gjelder? Gjelder det nær eller fjern familie? Har dere mye kontakt? Gjelder det noen som er betydningsfull for barnet?
  2. Hvordan er barnet berørt av det som skjer? Har barnet sett eller opplevd noe? Blir rutinene endret? Har hverdagen endret seg?
  3. Hvilke belastninger er barnet utsatt for? Har barnet opplevd noe du tror kan være vanskelig? Har barnet vist noen reaksjoner du tror handler om å være pårørende?

Hvis det er vanskelig å svare på spørsmålene, kan det være nyttig å tenke på hva barnet selv ville svart. Noen ganger får du først svar når du spør barnet selv.​

Kontaktinformasjon:

I Fitjar kommune har me to barneansvarlege for Barn som pårørande:

  • Linn Therese Olaussen
  • Rakel Bjånesøy

Ein kan ta kontakt på e-post: barneansvarleg@fitjar.kommune.no.

Nyttige lenker:

Her finn du informasjon om Barn som pårørande på nett:

https://helsedirektoratet.no/Lists/Publikasjoner/Attachments/228/Mor-far-er-syk-brosjyre-til-barn-IS-1811-nynorsk.pdf

https://helsenorge.no/psykisk-helse/barn-og-unges-psykiske-helse/nar-barn-blir-parorende

http://www.parorendesenteret.no/hjem

Fysioterapitenesta

Fysioterapitenesta utfører undersøking og behandling, førebyggjande tiltak, habilitering og rehabilitering i og utanfor institusjon. Fysioterapeutar samarbeider nært med andre faggrupper i kommunen og i spesialisthelsetenesta. Tenesta skal fremja best mogeleg helse og eigenmestring for innbyggjarane i kommunen.

Tenesta vert utøvd i på ulike institutt, i sjukeheimane, i barnehage/skule, på helsestasjon, i omsorgsbustader og i pasienten sin heim dersom det er behov for det.

Kommunen har både fast tilsett fysioterapeut og fysioterapeutar som driv privat praksis.

Les meir her: http://www.fitjar.kommune.no/helse-og-sosial1/lege-og-fysioterapi/

Kontaktinformasjon:

Kommunefysioterapeut: Sigrid Fangel, tlf: 90137648 E-post: sifa@fitjar.kommune.no

Besøksadresse: Fitjar Helsestasjon, Havnahuset, Gamle Havnaveg 23
Postadresse: Postboks 83, 5418 Fitjar

Koordinerande Eining

Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering skal ha oversikt over rehabiliteringstilbodet til kommunen, og skal kunne hjelpe deg med informasjon,  igangsetting og samordning av hjelpetiltak.

Kontaktinformasjon:

Koordinerande eining: Sigrid Fangel

Telefon- dagtid: 901 37 648
E-post: sifa@fitjar.kommune.no
Besøksadresse: Fitjar Helsestasjon, Havnahuset, Gamle Havnaveg 23
Postadresse: Postboks 83, 5418 Fitjar

Pedagogisk Psykologisk Teneste (PPT)

Målgruppa til PPT er barn, ungdom og elevar som ikkje får tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.

Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) skal sørgje for at det blir utarbeidd ei sakkunnig vurdering der lova krev det. Dette gjeld først og fremst vurdering om behov for spesialpedagogisk hjelp for born i førskulealder og behov for spesialundervisning for elevar i grunnskulen, vidaregåande skular og i vaksenopplæring på grunnskulen sitt område.

Opplæringslova krev også sakkunnig vurdering i ein del andre tilfelle, mellom anna

  • tidlegare eller utsett skulestart
  • fritak frå opplæringsplikta
  • teiknspråkopplæring
  • punktskriftopplæring for blinde og sterkt svaksynte elevar
  • søknad om inntil to års ekstra vidaregåande opplæring
  • søknad om inntak på særskilt valt utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1

Les meir om tiltak i PPT her.

Kontaktinformasjon:

Kontaktperson Jannecke Fjeldtvedt mobil: 53 49 69 46, e-post jannecke.fjeldtvedt@stord.kommune.no.

Logopedtenester for barn og unge

Generelt om tenesta

Logopeden arbeider både direkte med barn og unge, og indirekte i form av rådgjeving til føresette, barnehage og skule. Dei viktigaste samarbeidspartnarane er føresette, barnehage, skule, helsestasjon og PPT.

Målgruppe

1.Førskulebarn og elevar i grunnskulen med:

  • Språkvanskar (vanskar med omgrep, setningsoppbygging eller grammatikk)
  • Uttalevanskar og fonologiske vanskar
  • Taleflytvanskar (stamming og løpsk tale)
  • Stemmevanskar

2. Foreldre, barnehagar og skular (rådgjeving og førebyggande arbeid)

Korleis få utført eller motta tenesta

  • Ved generelle sprøsmål til logopediske område, kan ein gjerne ta kontakt med logopeden for å rådføra seg.
  • Dersom ein er uroleg for eit barn med spesifikke utfordringar knytt til språklydar, taleflyt eller stemme, kan ein avtale eit nettverksmøte der logopeden vert invitert inn saman med barnehage/skule og føresette. I enkelte tilfelle vil det få vera aktuelt at logopeden arbeider direkte ned barnet etter eit slikt møte, og gir rettleiing til føresette og barnehage/skule i ein periode.
  • Dersom barnet har meir omfattande og vedvarande vanskar med spåket bør ein kontakta PP-tenesta og invitera til eit nettverksmøte saman med føresette og andre aktuelle samarbeidspartar. Dersom det etterkvart syner seg at barnet oppfyller retten til §5-1 i opplæringslova eller §19a i barnehagelova, kan det ha rett på oppfølging av logoped over ein lengre periode og føresette/ skule/ barnehage kan ha rett på rettleiing.

Kontaktinformasjon:

Logoped: Ingvild Fjell

Telefon: 53 49 69 37/ 90 80 03 50

E-post: ingvild.fjell@stord.kommune.no

Les meir om tiltak og tenester frå logoped her.

Sunnhordland Interkommunale Barnevern (SiB)

Barneverntenesta skal sikra at barn og unge som lever under tilhøve som kan skada deira helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. Tenesta skal også medverka til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.

Sunnhordland Interkommunale Barnevern (SIB) er felles barnevernsteneste for kommunane Stord, Fitjar og Bømlo.

Arbeidet i barneverntenesta er regulert av «Lov om barneverntjenester» i tillegg til rundskriv og retningsliner knytt til lova.

Når barn på grunn av forholda i heimen eller av andre grunnar har særlege behov, skal det iverksetjast tiltak for barnet og familien. Tiltaka skal ha barnet sitt beste som målsetjing.

Alle tiltak skal evaluerast med jamne mellomrom. Målet er at barnet skal veksa opp hos dei biologiske foreldra sine utan tiltak frå barneverntjenesten. Barnevernet skal driva førebyggjande samarbeid med andre tenester og frivillige organisasjonar. Barnevernet set i verk undersøking etter bekymringsmelding frå til dømes foreldre, barnet sjølv, annan familie, helsestasjon, barnehage, skule, sjukehus, politi og NAV.

Les meir om innsatsen barnevernet kan bistå med her.

Sakshandsaming:
Lov om barneverntenester har følgjande fristar for sakshandsamingstid:
Avklaring av melding: 1 veke
Undersøking: 0 – 3 månader. I særlege tilfelle inntil 6 månader.

Kontaktinformasjon:

Leiar i barnervernet: Jørund Tvedt

Du finn oss:

SKE-bygget, Lønningsåsen 1, 3. etasje.
Postboks 326
5402 Stord

Telefon: 53 49 66 00

Barnevernet sin vakttelefon: 97 55 21 63

Alarmtelefon: 116 111 (gratis)
Open når barnevernet sin vakttelefon er stengt, dvs. vekedagar 14.00 – 08.00 og 24 timar helger og helgedagar.

Opningstid:

Open vekedagar (måndag-fredag) 08.30-14.00

Politiet

Råd og forebygging
Det å være oppmerksom og å ta noen forholdsregler kan ofte være med på å avdekke eller hindre kriminelle handlinger. Politiet gir deg råd om hva du kan gjøre.

Dersom det er noko ein er uroa for når det gjeld barn og ungdom, kan ein kontakte  politiet på Stord. Der har ein ei førebyggjande eining i tillegg så har ein politikontakt som er knytt opp mot vår kommune. Det er mogleg å snakke med desse om ein har nokon spørsmål.

Kontakt då:

Stord Lensmannskontor
Telefon: 53 40 28 00
Adresse: Vabakkjen 7, 5411 Stord

Politikontakt i Sunnhordland
Nils Hopland Blikra
E-post: nils.blikra@politiet.no

Les meir om politiet her:
https://www.politiet.no/

SLT - koordinator

Målet er at barn og unge i kommunen skal få riktig hjelp til riktig tid av eit hjelpeapparat som samarbeider godt på tvers av einingar og faggrupper.

SLT er ein Samordningsmodell for Lokale, førebyggande Tiltak mot rus og kriminalitet. SLT sikrar at dei ressursane som allereie finns hos kommunen og politiet, blir meir samkøyrd og målretta. Modellen skal sørgje for å koordinere kunnskap og ressursar mellom politi og relevante kommunale einingar, men også foreldre, næringsliv og frivillige lag og organisasjonar.

Kontaktinformasjon:

SLT koordinator i Fitjar kommune kan kontaktast på mobil: 97 14 37 85 / 41 65 45 44, e-post frivillig@fitjar.kommune.no.

SLT koordinator held til på Kultur- og idrettsbygget i 1.etasje.

Familievernkontor

Familievernkontoret gjev deg eller dykk tilbod om behandling og rådgjeving når det er vanskar eller kriser i familien. Du kan ta direkte kontakt med eit familievernkontor, og alle dei tilsette har teieplikt. Samtaleterapi for par og familiar er det vanlegaste tilbodet. Familievernkontoret tilbyr òg kurs og gruppeopplegg om aktuelle familie- og samlivstema. Familievernkontoret utfører obligatorisk mekling

  • ved samlivsbrot for ektepar eller sambuarar med barn under 16 år
  • når foreldre som ikkje bur saman, ønskjer rettssak om foreldreansvar, bustaden til barnet/borna eller samvær

Det er familievernkontor i alle fylka. Dei er anten statlege eller kyrkjelege, men det same lovverket gjeld for alle, og det er Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet som godkjenner dei.

Familievernkontoret samarbeider med helsestasjonane i sitt distrikt, særleg om fødselsførebuande kurs og kurset for nybakte foreldre, «Godt samliv». Der det er aktuelt og når familien sjølv gjev samtykke til det, samarbeider familievernkontoret med det kommunale barnevernet for å finne gode tiltak for heile familien. Familievernkontoret samarbeider òg med skolar, sosialkontor, frivillige organisasjonar, kyrkjelydar og liknande.

Kontaktinformasjon:

Familievernkontoret kan kontaktast på telefon 46 61 91 60 og på e-post familievernkontoret.stord@bufetat.no.

Krisesenter Vest IKS

Målgruppa for Krisesenteret er kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar i nære relasjonar. Krisesenteret tilbyr ikkje hjelp til valdsutøvaren.

http://www.hvorlite.no/ er ei heimeside om vald i nære relasjonar og gjer informasjon om kor lite du skal finne deg i.

Treng du ein stad å bu i ein akuttsituasjon eller nokon å snakke med, nokon du kan stole på? Du kan ta direkte kontakt med eit krisesenter, og alle dei tilsette har teieplikt. Vi kan blant anna tilby deg:

  • Eit menneske som lyttar til det du vil fortelje
  • Informasjon om rettar, råd og rettleiing på telefon eller ved oppmøte
  • Eit mellombels tilbod om ein stad å bu for deg og barna dine.
    Butilbodet til kvinner og butilbodet til menn skal vere fysisk skilde
  • Hjelp til å få kontakt med lege, advokat, politi, sosialkontor eller andre hjelpeinstansar

Vald, mishandling og overgrep er eit stort samfunnsmessig problem, med alvorlege konsekvensar for dei som blir råka.

Krisesenteret vil, i samarbeid med deg, vurdere kva som skal til for at du skal være trygg på senteret. Dersom krisesenteret ikkje kan beskytte deg godt nok, skal kommunen og politiet saman finne ein stad å bu for deg.

Kontaktinformasjon:

Krisesenteret kan kontaktast på telefon 53 41 12 12.

Les meir om Krisesenter Vest på http://krisesentervest.no/

Andre nyttige lenker til nettstader kor ein kan finne nokon å snakke med:

https://www.korspahalsen.no/

BUP Sunnhordland

BUP står for barne og ungdomspsykiatri. Dei gjev eit spesialisert tilbod innan psykiatri til barn og unge (opp til 18 år) og deira pårørande.

Les meir her om BUP Stord sitt tilbod til barn og unge.

Dei har tilbod innan utgreiing og behandling av angst, åtferdsvanskar, utviklingsforstyrring og AD/HD. Vidare innan depresjon, tvangslidingar, alvorlege belastningar/traumer, autisme, sjølvmordsfare, psykose, spiseforstyrringar og skulevegring.

For meir informasjon om samhandlingsforløpet for barn og unge med psykiske lidingar trykk her. 

Heimekonsulent NAV

Vanskelegstilte familiar med barn og ungdom, skal få tettare oppfølging til å meistre dagleglivet, og hjelp til å styrka foreldrene si tilknytting til arbeidslivet for å redusera fattigdom, og dermed konsekvensar for borna.

Ein skal ha særleg fokus på einslege unge forsytarar utanfor arbeidslivet, unge mødre/fedre i vidaregåande skule for å hindre fråfall i utdanningsløpet.   Ein heimekonsulent vil kunne identifisera vanskar tidlegar og koma i posisjon for å henvise og motivera til hjelp.

Betre tverrfagleg innsats krev samarbeid især med helsestasjonstenesta, og det vil verta etablert faste  samarbeidsarenaer  på tvers av avdelingar.

Heimekonsulent i NAV Fitjar er Sunniva Hovland.
E-post: sunniva.hovland@nav.no
Telefon: 55 55 33 33

Rettleiar NAV i vidaregåande skule

Tilretteleggjar skal samarbeida tett med skulepsykolog, lærarar og helsesøster ved skulen og NAV. Tilretteleggjar skal vera på Fitjar vgs 3 dagar pr veke og ved NAV 2 dagar pr veke. Gjennom tett oppføging av elev og samarbeid med skule og NAV vil ein i den grad det let seg gjere lage tilpassa individulle opplegg og bistå eleven iht dei behov som er tilstades.

Kontaktperson for rettleiar i NAV er Brit Lindeflaten Dahl.
E-post: brit.lindeflaten.dahl@nav.no
Telefon: 477 19 898