Uro for barn og unge

Kva kan ei bekymring vere?

Mange av oss, anten me er foreldre, naboar, vener eller kanskje me jobbar med barn og unge, kjem i løpet av livet opp i situasjonar der me ser eller høyrer noko som får oss til å kjenna ei uro for eit barn eller ein ungdom i nærmiljøet.

Kanskje har me registrert slikt som at barnet/ungdomen

  • strir litt med lesinga og skrivinga
  • mistrivst på skulen eller i barnehagen
  • slit med å få vener
  • vegrar seg for å eta
  • gjer seg dårleg forstått
  • har eit spesielt usunt kosthald
  • mobbar eller plagar andre
  • manglar nokre ferdigheiter som ein normalt kan forventa i ein gitt alder (t. d. symje, sykle, kle seg)

Eller kanskje me ser og opplever signal frå foreldra som gjer oss urolege for evna deira til å vera foreldre? Det kan vera at dei:

  • i stor grad lar andre henta og levera i barnehagen
  • ikkje overheld avtalar
  • ofte luktar alkohol
  • verkar likegyldige til eiga framtoning
  • vert opplevde som særskilt usikre, irritable eller sårbare

 

Du er første steg mot ei løysing

Som du ser, kan signala som gjer oss urolege vera høgst ulike, vage, diffuse og vanskelege å tyda.  Då er det lett å kjenna på eiga uvisse: Har eg observert rett? Kan eg risikera å laga «ei sak» ut av ein bagatell? Bør eg dela uroa mi med andre?

Svaret på det siste spørsmålet er eit rungande JA.

Som medmenneske skal me bry oss og ta tak i denne uroa, og dei av oss som er kommunalt tilsette pliktar dessutan å gjera det. Me skal ikkje avventa eller setja vår lit til at andre fangar opp dei same signala som oss. Kanskje er det berre nettopp du som ser barnet/ungdomen!

 

Gode hjelpemiddel

BTI-rettleiaren inneheld både ei oppskrift på korleis me skal gå fram for å avklara om det er grunnlag for uroa me kjenner, samt ei rekke konkrete verktøy. Både framgangsmåten og dei tilhøyrande verktøya er primært tiltenkt bruk i kommunale tenester, men også privatpersonar kan ha nytte av dei. Til dømes kan Observasjonsskjema for barn og unge , Signal på manglande trivsel , Skala for uro: barn og unge og Skala for uro: foreldre hjelpa deg med å setja ord på og definera uroa du opplever.

Dersom det er mistanke om vald eller overgrep skal ein kontakte barneverntenestene direkte.

Førebygging radikalisering

Saman med lokalt politi har kommunen utarbeidd ein rettleiar som gir kunnskap om korleis ein kan førebyggje, oppdage, møte og følgje opp valdeleg ekstremisme. Den er særleg tiltenkt tilsette i offentlege tenester, private og offentlege arbeidsgjevarar og leiarar i frivillige lag og organisasjonar, men er også relevant for innbyggjarane elles.

Målet med rettleiaren er at den skal fungere som eit oppslagsverk der ein kan finne informasjon om omgrep, handlingsplanar, litteratur, kontaktpersonar og lenkjer til relevante nettstader.

Du kan lese rettleiaren her