-

Samhandlingsmodell for barn og unge

Rett førebygging kan gi store gevinstar i arbeidet vårt for barne og unge som har eit kvart dei strevar med.

Fitjar kommune har derfor utarbeidd ein samhandlingsmodell som skal hjelpa oss med å sikra tidleg identifikasjon og koordinert oppfølging av målgruppa på tvers av tenester og -nivå.

Samhandlingsmodellen synleggjer mellom anna korleis planar, rutinar, møtearenaer og tiltak på dei ulike nivåa i kommunen sikrar at utsette barn får rett hjelp til rett tid.Vidare hjelper modellen Fitjar kommune i arbeidet med å:

  • Utvikla verktøya me har for å bli merksame på og følgja opp barn og familiar som har behov for hjelp
  • Styrka det tverrfaglege samarbeidet på tvers av tenester og nivå
  • Auka kunnskapen til våre i tilsette i arbeidet med utsette barn
  • Styrka brukarmedverknaden til barn og føresette

Gå her for å komme inn i samhandlingsmodellen vår.