Barn som pårørande

Familielivet består av store og små hendingar som kan gjera barn til pårørande på ulike måtar. Somme barn opplever at det skjer noko akutt med mamma, pappa eller søsken – ein eller fleire gonger i løpet av oppveksten. For andre er det å vera pårørande ein del av kvardagen.

Det er vanlegast å tenka på barn som pårørande når foreldre eller søsken er sjuke, som følgje av psykisk sjukdom, fysisk sjukdom eller ein skade. Men, det finst også mange andre årsaker til at barn opplever at kvardagen vert vanskeleg og at dei kan kallast pårørande. Det er til dømes mange barn i Noreg som opplever at foreldre misbruker alkohol eller andre rusmiddel. Barn er også pårørande når nokon av dei nærmaste dør. Andre barn opplever belastningar i kvardagen ved samlivsbrot, eller når foreldra er fattige. Fleire barn enn me trur opplever også å vera vitne til vald i familien. Somme har også en forelder som sit i fengsel.​​​

Dei fleste barn som er pårørande vert godt ivaretekne og klarer seg bra. Likevel er det somme som kan utvikla eigne problem. Dette er problem som kan melda seg i oppveksten, eller dei kan bli synlege når barna vert vaksne. Det å vera pårørande kan medverka til at barn opplever angst, depresjonar, åtferdsvanskar, konsentrasjonsvanskar eller fråfall frå skule og utdanning.

Ingen kan med sikkerheit seia at eit barn vil utvikle egne problem, men me veit at det å vera pårørande kan føra til vanskar. Me veit også at dersom barn vert utsette for fleire belastningar samtidig, så aukar det sannsynet for at barnet utviklar eigne problem.

Kven er barn som pårørande

Det er ikkje alltid like enkelt å vita om eins eige barn er pårørande. Alle er me ulike, og alle barn og familiar er unike. Desse tre spørsmåla kan kanskje hjelpa deg med å finna ut av om dine barn kan reknast som pårørande:

  1. Kva relasjon har barnet til den det gjeld? Gjeld det nær eller fjern familie? Har de mykje kontakt? Gjeld det nokon som betyr mykje for barnet?
  2. Korleis er barnet påverka av det som skjer? Har barnet sett eller opplevd noko? Vert dei vanlege rutinane endra? Har kvardagen endra seg?
  3. Kva belastningar er barnet utsett for? Har barnet opplevd noko du trur kan vera vanskeleg? Har barnet vist reaksjonar du trur handlar om å vera pårørande?

Dersom det er vanskeleg å svara på spørsmåla, kan det være nyttig å tenka på kva barnet sjølv ville svart. Nokre gonger får du først svar når du spør barnet.

Kontaktinformasjon barneansvarleg

Fitjar kommune har barneansvarleg som ein kan ta kontakt med dersom ein ynskjer nokon å snakke med eller informasjon om kva tilbod kommunen har.

Send gjerne ein e-post så kan barneansvarleg ta kontakt med deg. Legg gjerne ved telefonnummer når du sende ein e-post.

E-post: barneansvarleg@fitjar.kommune.no

Barneansvarlege i vår kommune er:

Leiande helsesøster Linn Therese Olaussen
Telefon: 915 24832
E-post: liol@fitjar.kommune.no

Du kan også ta kontakt med andre tenester i vår kommune dersom du ynskjer det. Sjå her for oversikt over fleire tilbod i vår kommune.

Du som tilsett i kommunen

Kva må du som jobbar med barn og vaksne tenke på?

Stortinget vedtok 19.juni 2009 endringar i helsepersonelllova og lov om spesialisthelsetenesta for å sikre at helsepersonell skal identifisere og ivareta det informasjons- og oppfølgingsbehovet mindreårige barn som pårørande har.

Helsepersonell skal bidra til å dekka behovet for informasjon og naudsynt oppfølging mindreårige barn eller søsken av pasient med psykisk sjukdom, rusmiddelavhengighet eller alvorlig somatisk sjukdom eller skade, kan ha som følge av føresette eller søsken sin tilstand. Føremålet med reglane er å sikra at barna vert fanga opp tidleg, og at det vert sett i gong prosessar som set barn og føresette betre i stand til å meistre situasjonen. Vidare er føremålet å førebyggje problem hos barn og unge. Reglane gjeld både for helsepersonell i spesialisthelsetenesta, kommunehelsetenesta og private helsetenster.

Les meir om dette: Rundskriv Barn som pårørande

Andre tilsette i kommunen er også pålagt å handle dersom ein opplever ei bekymring knytt til eit barn eller ein ungdom, sjølv om ein i utgangspunktet har kontakt med dei føresette.

Samtykke 

Ein skal som tilsett alltid ha signert samtykke før ein kan informere pårørande eller andre om pasienten/brukaren/familien sin aktuell situasjon. Ein kan likevel gje generell informasjon utan samtykke. Som helsepersonell skal ein alltid gje tilbod om generell informasjon til pårørande.

Lenke til samtykkeskjema

Lenke til meir informasjon om teieplikt/samtykke

 

Informasjon og støtte til barn og ungdom som pårørande når samtykke føreligg

Ein skal søke å avklare situasjon og behov ved kvart einskild tilfelle. Barn og unge i samme familie kan også har ulike behov. Ei slik avklaring får ein gjennom samtale med pasienten/brukaren og evt den andre med foreldreansvar/andre med omsorg for barnet/ungdommen. Ein skal bidra til at pasienten/foreldra høyrer på og legg vekt på barnet/ungdommen si meining i tråd med barnet sin alder og modning. Dersom samtykke føreligg til det kan helsepersonell, etter ei vurdering av det beste for barnet/ungdommen, tilby desse å ta del i ein samtale.

Korleis forløpet skal vera her kjem an på om situasjonen er akutt eller om det er snakk om planlagde og langvarige behandlingsforløp. Ved aktutte høve skal helsepersonell alltid forsikre seg om at barn har tilsyn og omsorg av anna vaksen. Helsepersonell skal, så langt det er mogeleg, avklare med pasienten at andre tek hand om barnet/ungdommen og om omsorgssituasjonen er tilfredsstillande.

Det ein skal søkje å avklare er:

  • Er foreldra i stand til bistå barnet eller ungdommen med problem og belastningar?
  • Får barnet eller ungdommen tilstrekkeleg følelsesmessig støtte, oppfølging og trygghet ut frå alder og utvikling og den aktuelle situasjonen?
  • Korleis er dagleglivet for barnet eller ungdommen organisert og ivaretatt med omsyn til struktur og rutinar?
  • Ved sjukdom, funksjonsnedsettelsar eller spesielle behov hos barnet eller ungdommen, kva er eksisterande hjelpetiltak eller kontakt med hjelpeinstansar?
  • Tek vaksne ansvar for praktiske oppgåver i heimen?
  • Tek vaksne ansvar for omsorgsoppgåver for den sjuke?

Ein skal vidare avklare kva informasjon og oppfølging barn som pårørande treng. I enkelte høve kan det vera behov for å kontakte andre instansar som barnehage eller skule for å undersøke korleis barnet eller ungdommen har det. Det må føreliggje samtykke frå pasienten før ein tek ein slik kontakt.

 

Snakk med familien om kvardagen i barnehagen og på skulen 

Når tilsette vurderar at situasjonar i heimen vil påverka små barn bør ein snakke med føresette om betydninga av å samarbeide med barnehagen. Når tilsette i barnehagen får informasjon om kva situasjon familien er i, kan dei forstå og ta betre vare på barna.

For større barn og unge bør tilsette snakka med føresette om betydninga av å samarbeide med skulen og/eller skulehelsetenesta. Ein skal, dersom føresette ynskjer det, bistå dei i å ta kontakt. Dersom både skulen og skulehelsetenesta skal informerast bør dei informerast samstundes for å lette samarbeidet.

Når lærarar får informasjon kan dei vera til støtte og hjelp og leggje til rette for barnet eller ungdommen. I samråd med føresette og barnet/ungdommen kan skulen vurdere kva som bør gjerast for at eleven skal få det best mogeleg. Skulehelsetenesta kan td tilby samtalar med helsesøster. Skulehelsetenesta kan også vurdere om det er behov for meir omfattande hjelpetiltak.

Her bør ein nytte Rettleiar for Betre Tverrfagleg Innsats for å sikre rett framgang i situasjonen.

Les meir om barn som pårørande:

Veileder om pårørende i helse- og omsorgstenesten

Barn som pårørende – Resultater fra en mulitsenterstudie